Ein kjem til å øydelegge seg sjølv når ein unngår å gjere konstruktive handlingar og heller gjer ukonstruktive handlingar.

-Thiruvalluvar-

செய் தக்க அல்ல செயக் கெடும் செய் தக்க

செய்யாமை யானுங் கெடும்.

-திருவள்ளுவர் -

Kognitiv Terapi

Kognitiv terapi er ein svært populær og etterspurt terapiform både internasjonalt og Noreg. Kognitiv terapi er ein godt dokumentert behandlingsmetode for psykisk lidelse.

Kognitiv terapi er utvikla av Aaron Beck. Det er ein strukturert, korttids-, notidsorientert form for psykoterapi.

Behandlinga er problemorientert og varer generelt i 10-20 timar avhengig av problemart og alvorlighetsgrad. Terapi som fokuserer på negative levereglar og endring av dei (skjemafokusert terapi), tek lenger tid. Det er vanleg med terapitime ein gong i veka til ein gong annankvar veke, samt heimearbeid mellom timane.

I kognitiv terapi lærer ein klientane å identifisere og registrere sine negative automatiske tankar og tankefeil i gitte situasjonar, revurdere dei (tenkje realistisk i forhold til negative automatiske tankar), og teste det ut i virkelegheita.

Her lærer klienten å benytte seg av kognitive teknikkar og strategiar. Terapeuten hjelper klienten til å utvikle nye funksjonelle og adaptive haldningar om seg sjølv og andre.

Døme på negative automatiske tankar er: "alt er min feil", "ingen bryr seg om meg", "dette er farleg", "tenk om eg får hjerteinfarkt", "tenk om andre ser at eg rødmar", og "eg held ikkje ut".

Tankefeil er misoppfatta eller forvrengt informasjon, t.d diskvalifisering, generalisering, svart/kvitt tenkning, katastrofetenkning, tankelesning, personleggjering, magisk tenkning, emosjonell tenkning, kikkertsyn, skulle/ burde/ måtte-tenkning, vilkårlege tankeslutningar, feil- etikettering, negative spådommar om framtida og årsaksforklaring.

Ein kognitiv terapeut brukar ikkje berre ei samling av kognitive teknikkar, men jobbar ut frå ein heilheitleg måte å tenke og forstå eit menneske og dets problem på, og hjelper klienten til å bli sin eigen terapeut og blir sjef i eige liv.

Kannan

(Ketheeswaran Ehamparam)

Erfaring

Eg har jobba 22 år i psykiatrisk avdeling i Helse Førde, eg har god erfaring med å behandle klientar med kognitiv terapi, både individuelt og i gruppe, eg underviser og veileder på vegne av Norsk forening for kognitiv terapi til dei som jobber i psykisk helsevern, er forelesar på sinnemestringskurs arrangert av Sosial- og Helsedepartementet, er gjesteforelesar og sensor på Høgskulen i Sogn og Fjordane og Diakonhjemmet Høgskole i Oslo, og har skrive artikkel om kognitiv terapi ved panikkangst med og utan agorafobi.

 

Kannan.no © All Rights Reserved 2011