Kognitiv Terapi

 

Kognitiv terapi er ein svært populær og etterspurt terapiform både internasjonalt og Noreg. Kognitiv terapi er ein godt dokumentert behandlingsmetode for psykisk lidelse. 

 

Kognitiv terapi er utvikla av Aaron Beck. Det er ein strukturert, korttids-, notidsorientert form for psykoterapi. 

 

Behandlinga er problemorientert og varer generelt i 10-20 timar avhengig av problemart og alvorlighetsgrad. Terapi som fokuserer på negative levereglar og endring av dei (skjemafokusert terapi), tek lenger tid. Det er vanleg med terapitime ein gong i veka til ein gong annankvar veke, samt heimearbeid mellom timane.

 

I kognitiv terapi lærer ein klientane å identifisere og registrere sine negative automatiske tankar og tankefeil i gitte situasjonar, revurdere dei (tenkje realistisk i forhold til negative automatiske tankar), og teste det ut i virkelegheita.

 

Her lærer klienten å benytte seg av kognitive teknikkar og strategiar. Terapeuten hjelper klienten til å utvikle nye funksjonelle og adaptive haldningar om seg sjølv og andre.

 

Døme på negative automatiske tankar er: "alt er min feil", "ingen bryr seg om meg", "dette er farleg", "tenk om eg får hjerteinfarkt", "tenk om andre ser at eg rødmar", og "eg held ikkje ut".

 

Tankefeil er misoppfatta eller forvrengt informasjon, t.d diskvalifisering, generalisering, svart/kvitt tenkning, katastrofetenkning, tankelesning, personleggjering, magisk tenkning, emosjonell tenkning, kikkertsyn, skulle/ burde/ måtte-tenkning, vilkårlege tankeslutningar, feil- etikettering, negative spådommar om framtida og årsaksforklaring.

 

Ein kognitiv terapeut brukar ikkje berre ei samling av kognitive teknikkar, men jobbar ut frå ein heilheitleg måte å tenke og forstå eit menneske og dets problem på, og hjelper klienten til å bli sin eigen terapeut og blir sjef i eige liv.

 

 

   

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kannan.no © 2011