யாதனின் யாதனின நீங்கியான் நோதல்

அதனின் அதனின் இலன்.

            -திருவள்ளுவர் -



Ein får ikkje lidelse av det ein tek avstand frå.

-Thiruvalluvar-

Den same metoden som metakognitiv terapi og detached mindfulness byggjer på(t.d: ta avstand frå tankane)

Velkomen til Psykoterapi

Eg er spesialist i kognitiv terapi, med vidareutdanning og veilederutdanning ved Nasjonalt institutt for kognitiv terapi.

 

Eg driv praksis i Førde i Sogn og Fjordane (Sunnfjord kommune).

 

Eg tar i mot menneske som slit med rusproblem, depresjon, panikkangst med og utan agorafobi, sosialfobi, spesifikk fobi, generalisert angstlidelse, tvangslidelse, posttraumatisk stresslidelse, hypokondri, body dysmorfofobi (BDD), kronisk smerte, spiseforstyrrelse, personlighetsforstyrrelse, familieproblem, låg sjølvkjensle, sjølvskading, sinneproblematikk, Søvnforstyrrelser, Mareritt, utbrentheit, forlenget sorg- forstyrrelse, stress, tinnitus og overvektproblematikk.

 

I behandlinga brukar eg kognitiv åtferdsterapi, metakognitive terapi (MCT), skjemafokusert terapi, mindfulness metoder som brukast bl.a i ACT (Aksept - og engasjement terapi).


Eg gir både individuell- og par-behandling. Eg kan ta i mot klientar på dagtid, ettermiddag og kveldstid.


Eg gir også fagleg veiledning til dei som jobbar men menneske som slit med psykiske problem.


Terapitime eller time til fagleg veiledning kan også bestillast via Skype.

Kannan

(Ketheeswaran Ehamparam)

Erfaring

Eg har jobba 29 år i psykiatrisk avdeling i Helse Førde, eg har god erfaring med å behandle klientar med metakognitiv terapi, ACT, skjemafokusert terapi, og kognitiv terapi, både individuelt og i gruppe, eg underviser og veileder på vegne av Norsk forening for kognitiv terapi til dei som jobber i psykisk helsevern, er forelesar på sinnemestringskurs arrangert av Sosial- og Helsedepartementet, er gjesteforelesar og sensor på Høgskulen i Sogn og Fjordane og Diakonhjemmet Høgskole i Oslo, og har skrive artikkel om kognitiv terapi ved panikkangst med og utan agorafobi.



                                                                        Kannan.no © All Rights Reserved 2011