Før ein startar eit prosjekt, må ein vurdere kva nyttig og unyttig ein får ut av det prosjektet.

        -Thiruvalluvar-


Den same metoden som

Aksept-og engasjement terapi byggjer på.

அழிவதூஉம் ஆவதூஉம் ஆகி வழிபயக்கும் 

ஊதியமும் சூழ்ந்து செயல். 

       - திருவள்ளுவர் - 


Kognitiv terapi er ein svært populær og etterspurt terapiform både internasjonalt og Noreg. Kognitiv terapi er ein godt dokumentert behandlingsmetode for psykisk lidelse. 

   

Behandlinga er problemorientert og varer generelt i 8-10 timar avhengig av problemart og alvorlighetsgrad. Terapi som fokuserer på negative levereglar og endring av dei (skjemafokusert terapi), tek lenger tid. Det er vanleg med terapitime ein gong i veka til ein gong annankvar veke, samt heimearbeid mellom timane. 

  

I kognitiv terapi lærer ein klientane å identifisere og registrere sine negative automatiske tankar og tankefeil i gitte situasjonar, revurdere dei (tenkje realistisk i forhold til negative automatiske tankar), og teste det ut i virkelegheita. 

  

Her lærer klienten å benytte seg av kognitive teknikkar og strategiar. Terapeuten hjelper klienten til å utvikle nye funksjonelle og adaptive haldningar om seg sjølv og andre. 

  

Døme på negative automatiske tankar er: "alt er min feil", "ingen bryr seg om meg", "dette er farleg", "tenk om eg får hjerteinfarkt", "tenk om andre ser at eg rødmar", og "eg held ikkje ut". 

  

Tankefeil er misoppfatta eller forvrengt informasjon, t.d diskvalifisering, generalisering, svart/kvitt tenkning, katastrofetenkning, tankelesning, personleggjering, magisk tenkning, emosjonell tenkning, kikkertsyn, skulle/ burde/ måtte-tenkning, vilkårlege tankeslutningar, feil- etikettering, negative spådommar om framtida og årsaksforklaring. 

  

Ein kognitiv terapeut brukar ikkje berre ei samling av kognitive teknikkar, men jobbar ut frå ein heilheitleg måte å tenke og forstå eit menneske og dets problem på, og hjelper klienten til å bli sin eigen terapeut og blir sjef i eige liv. 

 

Aksept og verdibasert åtferdsterapi ( ACT) er ei form for kognitiv åtferdsterapi. Behandlinga dreier seg om å hjelpa deg å få klarheit i kva du ønskjer å stå for i livet, kva som er viktig for deg djupast i hjartet ditt eller i det store biletet. Behandlinga fokuserer på å la det som er viktig for deg styra, motivera og inspirera deg til å gjera meiningsfulle endringar i livet ditt. ACT handlar òg om å læra psykiske ferdigheiter for å handtera vonde tankar og kjensler effektivt, slik at dei får mindre innverknad på deg. Dette blir mellom anna gjort ved hjelp av øvingar i merksamt nærvær.  

  

Frå eit ACT-perspektiv sjåast psykisk liding som eit resultat av forsøk på å kontrollera eller unngå smertefulle tankar, kjensler, minner eller andre opplevingar. Ved å læra deg nye måtar å forhalda deg til det indre ubehaget ditt på, opnar behandlinga for at du kan leva eit meir meiningsfullt og godt liv 

 

Metakognitiv terapi handlar i all hovudsak om å læra å regulera seg sjølv. Derfor er det tre overordna mål i behandlingsforløpet: 1) fjerne uhensiktsmessige sjølvreguleringsstrategiar (redusera CAS), 2) modifisera metakognitive antakelser, og 3) tilegnelsen av nye adaptive strategiar for sjølvregulering.


Eit gjennomgåande trekk ved psykiske lidingar, som angstlidingar og depresjon, er at ein opplever liten kontroll over eiga tenking. Mange opplever at dei mistar kontrollen over tankar og kjensler, og at dei blir sitjande fast i eit uhensiktsmessig mønster som dei ikkje klarer å lausriva seg frå. Det uhensiktsmessige mønsteret består av bekymring, grubling, fokusert merksemd på farer og uhensiktsmessige meistringsstrategiar. Dei uheldige tankemønstera blir haldne oppe ved at personen kan ha positive eller negative haldningar (meta-antakelser) til dei. Døme er “Viss eg bekymrar meg, så er eg førebudd”, eller “Eg klarer ikkje å leggja bort bekymringane mine”. I behandlinga blir slike antakelser utforska, og ein samarbeider om å etablera nye mentale strategiar for å handtera negative tankar og kjensler. 

 

Det sentrale siktemålet er å hjelpa pasienten til å utvikla nye måtar å forhalda seg til vanskelege tankar og kjensler på. For å endra desse strategiane må dei bakanforliggjande metakognisjonena endrast. Det vil seia opplevinga til pasienten av at det ikkje er mogleg å leggja bort bekymring og grubling (negative metakognisjonar) eller opplevinga til pasienten at det er lurt og nyttig å bekymra og grubla. 

 

Skjemafokusert terapi er spesielt godt eigna for behandling av langvarige, personlighetsrelaterte problem som har røtene sine i tidlege relasjonar frå barndom og oppvekst. Eit tidleg, uhensiktsmessig skjema består av minne, kjensler, kroppslege fornemmelsar og tankar. Det blir kjenneteikna ved eit breitt og gjennomtrengjande mønster som berører sjølvbiletet til personen og ens forhold til andre. Skjemaet blir danna i barndom eller ungdom på grunn av at behovet til barnet ikkje vart møtt på ein god nok måte. Eit skjema blir utvikla gjennom heile livet og er i betydeleg grad dysfunksjonelt. Det er identifisert 18 ulike skjema som vidare har vorte inndelte i fem ulike skjemadomene. Kvart skjemadomene representerer ulike grunnleggjande behov som til dømes tryggleik, sjølvstende og retten til å uttrykkja eigne kjensler. 

  

Uhensiktsmessige meistringsstrategiar blir utvikla av barnet under vanskelege omstende for å unngå ytterlegare skadde. Nokre av desse strategiane handlar om overgivelse (”freeze”), andre om å gå til motangrep (”fight”), og andre igjen kan handla om unngåelse (”flight”). Eit modus kan definerast som den ”delen av sjølvet”, med dei karakteristiske tankane sine, kjensler, kroppslege fornemmelsar og åtferd, som akkurat no er framståande. Eit modus kan bestå av fleire ulike skjema og meistringsstrategiar. 

  

Viktige terapeutiske mål er at pasienten utviklar forståing og merksemd for mønstera og skjemaa sine. Eit skjema eller modus inneber ikkje å vera ”mislykka”, men er eit uttrykk for at grunnleggjande behov ikkje vart møtt på ein god nok måte av viktige andre i oppveksten. Eit anna viktig mål er å bidra til å hele skjema og modus gjennom avgrensa nyomsorg. Pasienten blir hjelpt til å utvikla «den sunne vaksne» slik at han eller ho sjølv kan ta vare på dei følelsesmessige behova sine.

 

Kannan

(Ketheeswaran Ehamparam)

Erfaring

Eg har jobba 28 år i psykiatrisk avdeling i Helse Førde, eg har god erfaring med å behandle klientar med metakognitiv terapi, ACT, skjemafokusert terapi, og kognitiv terapi, både individuelt og i gruppe, eg underviser og veileder på vegne av Norsk forening for kognitiv terapi til dei som jobber i psykisk helsevern, er forelesar på sinnemestringskurs arrangert av Sosial- og Helsedepartementet, er gjesteforelesar og sensor på Høgskulen i Sogn og Fjordane og Diakonhjemmet Høgskole i Oslo, og har skrive artikkel om kognitiv terapi ved panikkangst med og utan agorafobi.


                           

                                                                               Kannan.no © All Rights Reserved 2011